Smørløysehuset
Smørløysehuset er flytta i frå Tryti. Det var Sjur Guttorm Tryti som bygde huset på farsgarden sin gnr. 37 bnr. 5 kalla sjurgarden. Sjur var sjukeleg og sjølv om han var odelsgut på Tryti let han broren Olav ta over. Johanna A. Brekke vart gift med Per Hjermundson Skjerven. Dei fekk ein son Hermund. Johanna og Per flytte frå kvar andre og sonen voks opp hos faren frå han var omtrent to år. Johanna flytta etter ei tid inn til morbror sin Sjur G. Tryti og stelte for han. Som takk for hjelpa arva Johanna stova etter Sjur. Ho Johanna budde åleine i stova etter Sjur døde. I kjellaren hadde ho 5 sauer og høy hadde ho i ei sval bygd inntil huset. Då Johanna døyde i 1953 arva sonen Hermund alt etter mor si, stova vart seld til Hermund si slekt på Hønsi og flytt hit. Johanna Edlingsdotter Hønsi budde i huset til ho døde i 1968. Borgny Eiriksdotter Hønsi hadde huset som sommarhus til ho døde. Etter Borgny sin død kjøpte Erling E. Hønsi huset og det høyrer no til garden 28.01 Hønsi.