Honsi.no

Våningshus

I 1892 vart våningshuset bygd.Det er bygd av tømmer kjøpt frå ytre Sogn. Elling Eirikson Hønsi kjøpte tømmeret og reiste huset, men han dø før det var innreia. Enkja Barbara innreidde huset og bygde fjøsen. Steinen til grunnmuren tok han ut i Storsteinsholo. For å få steinen opp til hustomta måtte han bygge veg opp. Då Barbara bygde fjøsen vart tømmeret hennar kappa, slik at fjøsen vart mindre enn han var planlagd. Dette trega ho på etterpå. I 1991 vart våningshuset påbygd.