Honsi.no

Hønsi

farm/20200104_095702419.jpg

Hønsi er skreve Høynsin i 1330, Hønssen i 1522 og Hønse i 1603 og 1723. Namnet skal utalast med tostavings tonelag, noko utanbygdingar har vanskar med. Det vert gissa på at rotordet kunne vera hein, "brynestein" i alle høve er det eit vin-namn og soleis mykje gammalt, meiner dei, men ingen veit noko visst. I 1300 talet var Hønsi prestebolgods med 28 laupar, det var då på heile garden. Me har eit døme på at det ikkje er so heilt bort i natti, når sogegranskarar meiner at jordverdet etter svartedauden gjekk ned til ein sjuandepart mot kva det var får den drepsotti gjekk over landet. For seinare vart landskyldi på heile Hønsi 4 laupar og 4 merker.

Detaljert info om:
Hønsi bruk nummer 1
Hønsi bruk nummer 2
Hønsi bruk nummer 3
Hønsi bruk nummer 4
Hønsi bruk nummer 5
Hønsi bruk nummer 6
farm/46392806/20200406_095300266_iOS.jpgfarm/46392801/drift/Bie.jpgfarm/46392801/Hjort_natt.jpg